Tett på barn og unge i Lærdal
Korleis kan ein reflektere rundt ei bekymring?
Når ein gjennomgår dokumentasjon i frå arbeid i nivå 0 i handlingsrettleiaren jobbar ein ut ei bekymring.
Bekymringa skal vere konkret og basera seg på kva du har sett og høyrt.
Hugs: du skal ikkje konkludere, men konsentrere deg om dei faktiske forhold.
Nokre punkt for å hjelpe til med å konkretisere bekymringa di:
- Kva VEIT du om bekymringa/uroa du har? o
- Kva konkret veit du om den aktuelle saka?
- Kva er årsaka til at du er bekymra?
- Er det tilhøve i barnehagen/skulen som har innverknad på bekymringa?
- Veit du om forhold rundt barnet ellers har innverknad på bekymringa?
- Kva sier fagmiljøa om ulike årsakar til ei slik bekymring som du har?
Før møtet med barnet/ungdommen/føresette
- Reflekter rundt aktuelle årsakar utan å konkludere.
- Reflekter saman med ein kollega eller leiar. Å reflektere saman med andre kan hjelpe ein med å sortere.
- Skaff deg oversikt over kva tiltak som er aktuelle og tilgjengelege i kommunen.