Tett på barn og unge i Lærdal

Møtemal for Lærdal kommune

Velkommen og presentasjon av saka

Hugs og vis til samtykket som er henta inn. Gje informasjon om at det skrivast referat. Det skal avklarast i framkant av møtet kven som skal vere referent og kven som skal leie møtet dersom ikkje stafetthaldar skal leie møtet sjølv.

Presentasjonsrunde

Alle presenter seg med namn og rolle. Start med dei føresette.

Kva veit me om den novernade situasjonen?

  1. Kva veit me heilt konkret? Ta ein runde rundt bordet.
    • Lat dei føresette og evt. barnet/ungdommen starte.
  2. Gje informasjon om iverksatte tiltak.
  3. Drøft saka og still kvarandre spørsmål for å klargjere situasjonen på tvers

Vegen vidare

  1. Kva mål har den einskilde eining for den tverrfaglege innsatsen? (Kva vil me få til?)
  2. Kva handlingsalternativ har me og kva alternativ har me vidare? (Drøft dette med alle dei involverte?

Mål og tiltak

  1. Kva tiltak skal me sette i gang? Drøft i fellesskap.
  2. Koordiner tiltaka
  3. Tydeleggjer målsettingane for tiltaka. Det skal vere tydeleg for alle deltakarar. Før inn mål, tiltak og fordeling av oppgåver i stafettloggen.

Oppsummering og konkrete avtalar

  1. Er det andre forhald som må avklarast?
  2. Gå igjennom handlingsplanen/tiltaksplanen de har komme fram til. Gjer evt. vidare avtalar.
  3. Fastsett kven som skal koordinere den vidare tverrfaglege innsatsen (vere stafetthaldar). Møteleiar/stafetthaldar har ansvar for at referat med klar ansvarsfordeling dokumenterast og vert tilgjengeleg i stafettloggen.
  4. Alle instansar har ansvar for dokumentasjon i sitt journalsystem der det er naudsynt.