Tett på barn og unge i Lærdal

Bekymringsskala - barn og unge

Bekymringsskalaen er eit verktøy som skal hjelpe til med å avklare kor bekymra du er for eit bestemt barn eller ungdom. Skalaen er eit verktøy som syner kva du skal leggje vekt på når du skal vurdere den aktuelle utfordringa. Det er viktig å hugse på at observasjonane du gjer når det gjeld barn og unge dannar eit “augeblikksbilete”. Barnet/ungdommen kan vere i belastande situasjonar som pregar livssituasjonen for augeblikket.

Denne skalaen er eit internt verktøy som kan hjelpe deg som tilsett i å gjere skjønnsmessige vurderingar. Når du og leiaren din har vurdert graden av eit barns utfordringar er det viktig å følgje prosedyra i handlingsrettleiaren for BTI-arbeidet.

Hugs at barn, unge og føresette skal involverast på eit tidleg tidspunkt i ei undring, bortsett i frå ved mistanke om vald og overgrep.

Last ned som PDF

Vær merksam

Barn/unge med generelt god trivsel

  • Barnet utviklar seg normalt både sosialt, kjenslemessig, fysisk og intellektuelt.
  • Normale svingningar i trivselen
  • Omsorgen frå føresette er god.
  • Føresette søkjer rådgjeving om barnet i ei periode ikkje trivst.
  • Føresette søkjer hjelp ved å kontakte lege, helsestasjon, barnehagen, skulen m.m.

Vær merksam

Utfordringa vert handtert i eiga teneste

  • Barnet er utsett for lette, men konstante belastningar og syner teikn på mistrivnad
  • Barnet er utsett for ei større, men forbigående belastning og syner teikn på mistrivnad,
    •  barnet kan f.eks. væra påvirka psykisk og sosialt av ei bestemt hending.
  • Barnet kan ha utfordringar med språk, kommunikasjon, læring, motorikk, sosialt eller emosjonelt.
  • Omsorgen frå føresette er god.
  • Føresette nyttar råd og rettleiing frå lærar, førskulelærar, helsesjukepleiar og så vidare.

Grunn til bekymring

Barn/unge med behov for tilrettelegging/hjelp i frå andre tenester

  • Barnet viser tydelege teikn på mistriivnad
  • Barnet gjev signal i form av endra åtferd
    • Emosjonelt, sosialt, motorisk, språklig, redusert hygiene
  • Føresette sin omsorg er god eller midlertidig redusert

Grunn til bekymring

Barn/unge med behov for spesiell støtte/hjelp frå fleire tenester

  • Barnet er utsett for belastning over tid og syner tydelege teikn på mistrivnad.
  • Barnet fungera dårlig og utviklar seg i ei negativ retning på eit eller fleire utviklingsområde
  • Omsorga frå føresette er god, men belastninga er stor.
  • Omsorga frå føresette er redusert

Grunn til bekymring

Barn/unge med risiko for skade

  • Barnet syner tydelege teikn på mistrivnad.
  • Barnet gjev signal i form av endret åtferd
    • Emosjonelt, sosialt, motorisk, språklig, redusert hygiene.
  • Føresette sin omsorg er god
  • Føresette sin omsorg er utilstrekkelig/veldig redusert/redusert