Tett på barn og unge i Lærdal
Bekymringsskala - føresette
Dette er eit verktøy som kan hjelpe deg med å avklare di bekymring knytt til ein føresette til eit barn du har kjennskap til gjennom jobben din.
Skalaen er eit arbeidsverktøy som syner kva du kan fokusere på dersom føresette sin åtferd gjer deg bekymra for eit barn eller ein ungdom. Ved å bruke bekymringsskalaen kan du i samarbeid med leiar/kollega gjere ei klarare vurdering av situasjonen. Det er viktig å hugse på at subjektive vurderingar berre gjev eit augeblikksbilete. Ein familie kan vera i ein belastande situasjon som kan gje utslag i åtferd som vekkar bekymring. Tidleg involvering av føresette i ei undring er difor svært viktig.
Skalaen er eit internt verktøy som skal hjelpe deg til å utføre best mogleg skjønn.
Vær merksam
Familiar med generelt god trivsel
- Omsorgen frå føresette er god.
- Føresette søkjer rådgjeving dersom barnet i ei periode det ikkje trivst.
- Føresette søkjer hjelp ved å kontakte lege, helsesjukepleiar, barnehagen, skulen eller liknande
Vær merksam
Familiar med redusert trivsel
- Føresette har uregelmessig frammøte..
- Føresette let væra å delta på møter og arrangement.
- Føresette sluttar å halde avtalar, melder avbud i siste liten eller kjem med ulike forklaringar på kvifor dei ikkje kan delta på møter og andre ting som arrangeres.
- Endra fysisk og psykisk omsorgskapasitet.
Grunn til bekymring
Signal hjå føresette med eigne vanskar
Den fysiske framtoninga endrast:
- Hyppig sjukdom
- Lukt av alkohol
- Manglande nærvær
- Ustelt og likegyldig til eiga framtoning
Føresette pregast av:
- Irritasjon
- Isolasjon
- Usikkerheit
- Sårbarheit
- Nervøsitet
- Engstelse
- Redusert fysisk og psykisk omsorgskapasitet
Grunn til bekymring
Signal hjå føresette der barnevern/politi skal varsles
- Omsorgen frå føresatte mangler heilt.
- Føresatte møter opp rusa, psykisk ustabil
- Mistanke om vald enten mot en forelder eller mot barnet sjølv eller ved mistanke om seksuelt misbruk.