Tett på barn og unge i Lærdal

Den naudsynte samtala- føresette (samtalemal)

Den naudsynte samtala med føresette

Ei samtale med føresette når ein vert bekymra for eit barn eller omgjevnadene rundt barnet. Samtala gjennomførast så raskt som mogleg etter at bekymringa har oppstått. Tidleg dialog og involvering av føresette er nøkkelord for tidleg innsats.

  • Bør gjennomførast så tidleg som mogleg.
  • Samtala kan vera planlagt eller ei kort, uformell samtale ved henting/leviring, eller på telefon.
  • Bekymringa du formidlar bør vere konkret, altså ha fokus på kva du faktisk har sett, hørt eller observert. Den skal ikkje handle om kva du trur eller følar.
  • Samtala skal vere open og ikkje førdømmande. Bruk formuleringar som: “Kva kan skydast at…)”
  • Samtala skal vere konkret der personalet kjem raskt til saka og sett ord på kva dei er bekymra for og spør om dei føresette sin oppleving av dette.

Forslag til samtalestruktur

Forslag til struktur

  1. Velkommen
  2. Kort om bakgrunn for samtala
  3. Be dei føresette om innspel til kva dei tenkjer om det du har fortalt
  4. Utforsk saman med dei føresette kva bekymringa/observasjonane handlar om, kva som kan vere årsak osv.
  5. Bli eininge om mål og vurderingstildspunkt (kva vil me sjå, når).
  6. Snakk om ulike alternativ for vegen videre dersom bekymringa ikkje avtek etter ei viss tid.
  7. Bli einige om kva som skal gjerast i fyrste omgang.
  8. Følg handlingsrettleiaren på nivå ein.

Etter samtala er det den som har gjennomført samtala som har ansvaret for å følgje opp videre.