Tett på barn og unge i Lærdal
Den naudsynte samtala- barn (samtalemal)
NB: Viktig at den som gjennomfører samtala har god relasjon til barnet.
Kontakt med barnet og informasjon om føremål
- Forklar kvifor de skal prate saman.
- (Ved ei uforberedt samtale: Si at det er bra at hen kjem til deg i dag. Barn treng å vite at det er lov å prate om det som er vanskeleg.)
- Fortel om observasjonen eller observasjonane du har gjort og kva du undrast over.
- Spør om kva som er årsaka/ligg bak åtferden/endringa
- (motorisk, sosialt, språklig, konsentrasjon/oppmerksomheit, trivsel, faglig eller anna).
Fri forteljing og utdjuping
- Oppfordre til fri forteljing.
- Bruk opne spørsmål
- Kva tenkjer du om….? Kva kan vere grunnen til at det er slik trur du…? Opne spørsmål har fleire moglege svaralternativ.
- Bruk opne spørsmål
- Sørg for å være ein aktiv lyttar
- Vær oppmerksam, vis at du er konsentrert om det som vert sagt, spør om meir informasjon, gjenta og oppsummer for å vere sikker på at du forstår rett.
- Normaliser
- Eks: Me veit at mange barn opplever det eller det, er det slik for deg? Kan det vere slik at…?, Eg har møtt mange barn som sier slik og slik, er det det du meiner?
- Hald fokuset på situasjonen
- Kva var det som faktisk hende?, Fortel meir om detta… Korleis opplevde du…?
Oppsummering og avslutning
- Gje ei konkret oppsummering av innhaldet i samtala
- Takk for samtala og gje ros til barnet/ungdommen
Om ingenting kjem fram
- Avslutt med dagligdagse tema
- Åpne opp for ei ny samtale
- Ta nytt initiativ etter nokre dagar
Om barnet/ungdommen har fortalt noko som gjev grunn til bekymring
Plan for kva som skjer vidare:
- Kva skal skje?
- Kven skal involveres?
- Når skal det skje?
- Tilby hjelp og støtte, ikkje lov noko du ikkje kan stå for.
Barnesamtala
Når barnet pratar for fyrste gong eller når samtala ikkje er planlagd
Slike samtalar kan oppstå i situasjonar med fleire barn til stades.
- Vær rolig. Me må ta tak i det barnet seier utan å vise at me vert skremt eller forundra.
- Si at det er bra at barnet fortalte dette, og at de må prate nærmere om det seinare.
- Dersom du er usikker, snakk med nærmaste leiar for å gå gjennom kven som skal ha den vidare samtala med barnet.
- Sett av tid og avtal tidspunkt for samtale.
Eksempel på korleis du kan ta opp att samtala seinare:
- Du fortalde i stad…
- Fortel meg meir om det… for eg har ikkje vore der, fortel så godt du kan?
- Fortel meg det slik at eg kan forstå det..
- Kva hende vidare då..?
- Du har no fortald meg om..
Rettleiing til sjølve samtala
- Sett av god tid til samtala. Sitt uforstyrra.
- Fortel barnet at det var heilt rett at hen kom til deg.
- Barn treng å få tydeleg beskjed om at det er lov å snakke om det som er vanskeleg.
- Ikkje lov barnet at dette vert ein hemmelegheit mellom dykk.
- Forklar at du må seie i frå til andre vaksne for at ting skal bli betre. Fortel at me ønskjer å hjelpe, og at dei andre vaksne også skal hjelpe. Ein kan for eksempel. seie at: «Eg tenkjer at det du fortel til meg no er noko som eg ikkje kan hjelpe deg med aleine. Som vaksen må eg seie i frå til den eller den om dette. Vil du vere med å fortelje det, eller ønskjer du at eg skal gjere det sjølv?”
- Barnet har ein rett, men ingen plikt til å fortelje. Kanskje ønskjer ikkje barnet å fortelje oss meir enn det det allereie har gjort, og det er heilt greitt. Dei må ikkje føle seg pressa til å fortelje.
- Skriv ned det barnet seier. Det er viktig for ein evt. saksgang. Ver objektiv, ikkje driv med synsing.
- Still opne spørsmål. Unngå leiande spørsmål.
- Gje barnet pausar, ikkje avbryt.
- La barnet vere ekspert på si eiga historie og la det fortelje fritt ved å drive aktiv lytting (gjenta det barnet har fortalt).
- Nokre gonger kan ein følgje opp med: «Fortel meir om det».
- Bruk orda «Fortel meir om» eller «beskriv» når du prater med barnet.
- Mange barn som opplever vanskelege situasjonar som for eksempel vald føler seg einsame.
- Normaliser ved å fortelje at du kjenner fleire som har vore i same situasjon, men at ingen barn skal oppleve noko slik.
- Fortel at det dei vaksne gjer er dei vaksne sitt ansvar.
- Dersom det for eksempel handlar om vald eller overgrep kan du seie: Det er ingen vaksne som har lov til å gjere det du har fortalt no (gjenta orda som barnet har brukt). Sei at barnet ikkje har gjort noko gale, uansett kva barnet har gjort så er det ikkje lov at vaksne nyttar vald.
- Viss barnet formidlar skyld, er det viktig å formidle at barnet gjorde det beste det kunne i situasjonen og at situasjonen ikkje er hen sin skyld.
Eksempel på formuleringar:
«Eg ynskjer å prate litt meir med deg (namn), fordi det er slik at når eit barn fortel (gjenta barnet sine ord frå tidlegare), slik som du gjorde- så er ynskjer eg å prate med deg etterpå. Det er bra at du fortalte som du gjorde, og du skal vita at det er lov å prate om det som har skjedd. Det er veldig bra at du seier i frå, då kan eg hjelpe deg.
Det som skjer no er at eg pratar litt i byrjinga, også spør eg deg nokre spørsmål. Etter kvart vil eg at du skal fortelje, og då vil eg høyre på alt du har å seie, og ikkje spørje så mykje. Då vil eg berre spørje viss det er noko eg ikkje forstår.
Eg kjem til å skrive ned alt du seier, slik at eg er sikker på at eg har forstått det rett. Det brukar eg å gjere når eg pratar med barn som har noko å fortelje. Du fortel det du vil fortelje, er det noko du ikkje vil seie så er det heilt greitt. Samstundes er det slik, at viss eg skal hjelpe deg, og det vil eg gjerne gjere, så treng eg å vete litt meir om det som har skjedd»
Avslutning av samtala
- Viss barnet formidlar skyld, er det viktig å formidle at barnet har gjort det beste det kunne i situasjonen og at det ALDRI er eit barn sitt skyld dersom nokon vaksne har gjort dei vondt.
- Sei til barnet at det alltid kan kome att til deg dersom hen treng nokon å komma til.
- Følg rutinar for evt. melding til barnevern og/eller politi der det er naudsynt.
Sei: “No er det slik at eg må prate med andre vaksne for at ting skal verte betre. Eg veit ein del om deg allereie (gjenta eller oppsummer frå starten av).
Det er viktig at barnet til ein kvar tid veit kva som skal skje og at dei får moglegheit til å medverke når informasjonen skal formidlast vidare.
(dersom det kjem fra opplysningar som omhandlar vald eller overgrep skal ein ikkje gje informasjon om at ein tar kontakt med barneverntenesta eller poltiet)