Tett på barn og unge i Lærdal

Rutine i førtilvisingsfasen PPT (skule)

Rutine for å vurdere om barnet har utbytte av opplæringa eller om barnet har behov for spesialundervisning.

Steg 1: Bekymring

  • Kva er vanskane/utfordringa til eleven?
  • Diskuter med ein kollega og tenk igjennom kva vanskane handlar om.
  • Er det faglege utfordringar eller sosiale utfordringar?
  • Gjennomfør ulike kartleggingar.
  • Prøv ut ulike tiltak.

Steg 2: Ta kontakt med spes.ped.koordinator

  • Forklar vanskane/utfordringane til eleven.
  • Kven er bekymra for barnet? Føresette? Helse? Skule?
  • Kva kartleggingar er gjennomført, med kva resultat?
  • Kva tiltak er testa ut?
  • Korleis har dei ulike tiltaka fungert?
  • Spes.ped.koordinator tek kontakt med skuleleiinga og PPT.

Steg 3: Drøfting av videre arbeid

  • Samtale/møtepunkt med PPT, rektor og spes.ped.koordinator rundt bekymringa.
  • Råd og rettleiing frå PPT.
  • Kva ynskjer de at PPT skal bidra med? Observasjon? Testing?
  • Teste ut tiltak.
  • Gjennomføre nye kartleggingar/observasjonar for å sjå korleis tiltaka har fungert.

Steg 4: Vegen vidare - evaluering

  • Møte med rektor og spes.ped.koordinator
  • Kan arbeidsmåtar, organisering og utstyr føre til auka læringsutbytte? (tiltak)
  • Kan det vere andre ulike tilhøve som er årsaka til, eller forsterkar vanskane?
  • Klarar eleven seg med TPO, eller må eleven ha spesialundervisning?
  • Siste samtale med PPT. Bør ein melde opp eleven eller ikkje?
  • Dersom oppmelding- Søk om sakkundig vurdering og skriv pedagogisk rapport