Handlingsrettleiar
Kva:
- Spør den vaksne om hen har barn under 18 år.
- Spør om barnet har mindreårige søsken
- Spør kva ansvar brukaren har for barnet
- Foreldreansvar
- Dagleg omsorg
- Samværsrett
- Spør etter barnets namn, fødselsdato, bustad, språk og evt. butid i Noreg
Viss brukaren/pasienten har born under 18 år, gå vidare til neste trinn.
Omgrepsavklaring:
Denne retteleiaren omfattar alle som har omsorg for eller bur i saman med mindreårige barn. Det vil seia at bonusforeldre, adoptivforeldre, fosterforeldre osv. også må inkluderast når ein skal følgja opp barn som er pårørande.
Kven:
Alle som gjennom sitt arbeid følgjer opp vaksne brukarar/pasientar som har barn har ansvar for dette
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Når brukaren har mindreårige barn skal du snakka med brukaren om omsorgssituasjonen til barnet eller ungdommen og avklara denne.
For å avklara omsorgssituasjonen må ein kartlegga om:
- Er foreldra i stand til å hjelpa barnet med problem og belastningar?
- Får barnet nok kjenslemessig støtte, oppfølging og tryggleik ut i frå sin alder og utvikling og den aktuelle situasjonen med sjukdom hjå forelderen?
- Korleis er dagleglivet for barnet organisert og vareteke med omsyn til struktur og rutinar?
- Ved sjukdom, funksjonsnedsettingar eller spesielle behov hjå barnet eller ungdommen, kva er eksisterande hjelpetiltak eller kontakt med hjelpeinstansar?
- Tek dei vaksne ansvar for det praktiske i heimen?
- Tek vaksne evt. omsorgsoppgåver for den sjuke?
- Har barnet roller eller ansvar i heimen eller ovanfor den sjuke som burde vore utført av vaksne?
Kven:
Alle som har vaksne brukarar/pasientar med barn, har ansvar for å gjera denne kartlegginga
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Når den vaksne brukaren eller pasienten sin tilstand tilseier at barn kan bli usikre, sårbare eller oppleve bekymring, SKAL du undersøka nærare om barnets faktiske behov.
Aktuelle tema:
- Kva har barnet sett og erfart når det gjeld sjukdom hjå forelderen?
- Kor mykje veit og forstår barnet om det som skjer?
- Korleis fungerer barnet i barnehage/skule
- Er barnet mykje trist, sint, bekymra, engsteleg, uroleg?
- Har barnet overskot og moglegheit til å vera med vener?
- Er barnet uvanleg hjelpsom og flink og held eigne behov tilbake?
- Er dei føresette bekymra for barnet?
- Har barnet dagleg støtte i nærmiljøet?
- Er det behov for vidare oppfølging utover det dei føresette kan klare?
Kven:
Alle som har vaksne brukarar/pasientar som har mindreårige barn.
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Barn som pårørande kan ha behov for følgjande informasjon om forelderen:
- Balansert og aldersadekvat informasjon om tilstanden til den som er sjuk
- Forklaring av symtom og av evt. symptomar, diagnose og prognose
- Årsakar til sjukdommen eller tilstanden
- Kva slags behandling som blir gitt og varigheit av behandlingar
- Korleis den føresette vert vareteken
- Konsekvensar av tilstanden for den føresette, barnet og familien
- Moglegheiter for evt. besøk og korleis dette kan gå føre seg
Barn som pårørande kan ha behov for følgande informasjon om sin eigen situasjon:
- Kven skal vareta barnet framover
- Normale reaksjonar hjå barn når vaksne er sjuke
- At barnet ikkje har ansvar for å hjelpa den vaksne med å bli frisk
- At barnet har lov til å ha det bra og fortsetta med aktivitetar dei likar, sjølv når den vaksne har det vanskeleg.
- Kven veit om familiens situasjon og kven kan barnet snakka med
Kven:
Alle som har brukarar/pasientar som har mindreårige barn
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Gi informasjon om at mange barn som har foreldre/føresette som er sjuke har behov for å ha nokon å prata med. Bli einig med brukaren/pasienten om dei sjølv eller du skal ta kontakt med helsesjukepleiar. Forsikra brukaren/pasienten om at han/ho skal ha eigarskap til det som blir fortalt til barnet, men at det er viktig å gje barnet tilstrekkeleg informasjon slik at barnet unngår unødvendige bekymringar. Barn bekymrar seg meir enn dei gjev uttrykk for når dei ikkje har nok informasjon.
Helsesjukepleiar har også moglegheit til å kopla på andre hjelpetiltak i samarbeid med dei føresette.
Gå gjennom samtykkeskjema og få samtykke til å kopla på helsesjukepleiar.
Viss brukaren/pasienten ikkje vil gje barnet informasjon eller naudsynt oppfølging blir din moglegheit til å vareta barnet avgrensa. Då må du bruka meir tid saman med brukaren/pasienten og forklara kvifor barna har behov for informasjon og evt. oppfølging.
Viss eit manglande samtykke vurderast som alvorleg omsorgssvikt, skal ein sende bekymringsmelding til barnevernstenesta.
Kven
Alle som følgjer opp brukarar/pasientar som har mindreårige barn.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva
Helsesjukepleiar må leggja til rette for at barnet får seia sin meining om aktuelle tiltak ut i frå eigne behov og ønskjer i tråd med alder og modenheit. Gå til nivå 1 i handlingsrettleiaren “frå bekymring til handling.”
Kven
Helsesjukepleiar eller andre tenester som følgjer opp barnet. Til dømes fastlegen.
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Ved mistanke om vald eller overgrep ta direkte kontakt med politi og barneverntenesta