Tett på barn og unge i Lærdal
Opprette hovudmål, delmål og aktivitet
Når du har oppretta stafettloggen, fått samtykke og lagt til alle plandeltakarane kan de byrje å utforme stafettloggen.
I undringsfasen (nivå 0 i handlingsrettleiaren) har du hatt samtalar med barnet/ungdommen og foreldre og føresette der du har satt ord på undringa du har. De har no komme fram til hva som er føremålstenleg å jobbe med framover.
- Start med å lage eit hovudmål. Hovudmålet skal vere målet «der framme» og er gjerne overordna. Velg «mål og aktivitetar» i menyen til venstre:

2. Trykk deretter på «opprett nytt mål» øvst i høre hjørne:

3. Då får du opp dette bilete:

På overskrifta må du sjølv definere om det er eit hovudmål eller delmål ved å fysisk skrive det inn. Eks: «HOVUDMÅL: Ola skal ha ein meiningsfull skulekvardag». Viss målet skal vere nådd innan eit gitt tidspunkt kan du leggje inn frist. Nederst i biletet over kan du velgje mal for mål. Dersom det er eit hovudmål du skal lage så vel du hovudmål. Då får du opp denne malen. Her fyller du inn i lag med barnet/ungdommen og føresette:

Når du trykkjer på «lagre» legg dette seg som eit hovudmål i stafettloggen.
Delmål: For å lage delmål går du fram på same måte, men må definere sjølv i overskrifta at det er eit delmål. Deretter må du velgje malen for delmål. Delmål er hovudmålet delt opp i mindre bitar slik at det skal vera enklare å forstå korleis ein skal jobbe saman for å nå hovudmålet. Under delmål opprettar du aktivitetar. Velg då malen for aktivitet. Legg alltid inn kven som skal følgje opp kva:

Aktivitet: Ein aktivitet er det same som eit tiltak, berre på lågare nivå. Ein aktivtet er korleis ein spesifikt skal jobbe for å nå delmålet. Det kan vere fleire som skal jobbe for å nå det same delmålet. Det kan til dømes vere: Noko foreldra skal følgje opp heime, ein tilretteleggjing på skulen (konkretisering av ein spesialavtale med læraren), tilrettelegging i hente og leveringssituasjonen i barnehagen eller tiltak frå helsesjukepleiar.
Til slutt skal stafettloggen sjå slik ut (for å få hovudmålet øvst kan det hende du må trykkje på «omorgansier» øvst i høgre hjørne og dra måla i den rekkefølgen du ynskjer. Det er mest logisk og ha hovudmålet fyrst då det er overordna:

Når du då klikker på eit delmål kjem du inn på aktiviteten. Då ser det slik ut:
