Tett på barn og unge i Lærdal

Bruk av stafettlogg ved overgangar i skule og barnehage

Stafettlogg er eit nyttig verktøy for å sikre gode overgangar i barnehage og skule. Stafettloggen hjelper med å sikre at overgangen vert saumlaus for barnet og familien og at oppfølginga som er starta fortsett. Det er også viktig for at ein kan sjå attende i tid korleis ein har jobbar for å hjelpe barnet og familien tidlegare.

  1. Kall inn stafettloggmøte i god tid før overgangen skal skje.
  2. Ha overgang som agenda for møtet
  3. Kall også inn den/dei som skal ha ansvar for barnet etter overgangen
  4. Få samtykke frå foreldre/føresette til å kople nye personar på. Det må då lagast nytt elektronisk samtykke i stafettloggen.
  5. Definer kven som skal vere stafetthaldar vidare
  6. Gå igjennom mål og aktivitetar – tilpass desse slik at dei feks. kan følgjast vidare opp i skulen dersom barnet har gått i bhg.
  7. Gå igjennom plandeltakarar – legg inn dato for å avslutte tilgangen til stafettloggen for dei som ikkje skal følgje barnet vidare.

Dette gjer du på følgande måte: 

  1. Trykk på plandeltakarar, velg aktuell deltakar
  2. Scroll ned til “plandetaljer” og “tilgang til planen” og trykk på “pennen”. Då kan du redigere kor lenge vedkommande skal ha tilgang.