Tett på barn og unge i Lærdal
Den naudsynte samtala- barn (samtalemal)
Kontakt med barnet og informasjon om føremål
- Forklar kvifor de skal prate saman.
- (Ved ei uforberedt samtale: Si at det er bra at hen kjem til deg i dag. Barn treng å vite at det er lov å prate om det som er vanskeleg.)
- Fortel om observasjonen eller observasjonane du har gjort og kva du undrast over.
- Spør om kva som er årsaka/ligg bak åtferden/endringa
- (motorisk, sosialt, språklig, konsentrasjon/oppmerksomheit, trivsel, faglig eller anna).
Fri forteljing og utdjuping
- Oppfordre til fri forteljing.
- Bruk opne spørsmål
- Kva tenkjer du om….? Kva kan vere grunnen til at det er slik trur du…? Opne spørsmål har fleire moglege svaralternativ.
- Bruk opne spørsmål
- Sørg for å være ein aktiv lyttar
- Vær oppmerksam, vis at du er konsentrert om det som vert sagt, spør om meir informasjon, gjenta og oppsummer for å vere sikker på at du forstår rett.
- Normaliser
- Eks: Me veit at mange barn opplever det eller det, er det slik for deg? Kan det vere slik at…?, Eg har møtt mange barn som sier slik og slik, er det det du meiner?
- Hald fokuset på situasjonen
- Kva var det som faktisk hende?, Fortel meir om detta… Korleis opplevde du…?
Oppsummering og avslutning
- Gje ei konkret oppsummering av innhaldet i samtala
- Takk for samtala og gje ros til barnet/ungdommen
Om ingenting kjem fram
- Avslutt med dagligdagse tema
- Åpne opp for ei ny samtale
- Ta nytt initiativ etter nokre dagar
Om barnet/ungdommen har fortalt noko som gjev grunn til bekymring
Plan for kva som skjer vidare:
- Kva skal skje?
- Kven skal involveres?
- Når skal det skje?
- Tilby hjelp og støtte, ikkje lov noko du ikkje kan stå for.
Barnesamtala
Når barnet pratar for fyrste gong eller når samtala ikkje er planlagd
Slike samtalar kan oppstå i situasjonar med fleire barn til stades
- Vær rolig. Me må ta tak i det barnet seier utan å vise at me vert skremt eller forundra.
- Si at det er bra at barnet fortalte dette, og at de må prate nærmere om det seinare.
- Dersom du er usikker, snakk med nærmaste leiar for å gå gjennom kven som skal ha den vidare samtala med barnet.
- Sett av tid og avtal tidspunkt for samtale.
Eksempel på korleis du kan ta opp att samtala seinare:
- Du fortalde i stad…
- Fortel meg meir om det… for eg har ikkje vore der, fortel så godt du kan?
- Fortel meg det slik at eg kan forstå det..
- Kva hende vidare då..?
- Du har no fortald meg om..