Tett på barn og unge i Lærdal
Informasjon om stafettlogg til barnet, foreldre/føresette
I situasjonar der barn og unge har behov for hjelp, nyttar kommunen elektronisk stafettlogg som verktøy. Stafettloggen sikrar dokumentasjon, samarbeid og god framdrift i hjelpearbeidet.
Kva er stafettlogg?
Stafettlogg er ei elektronisk loggbok for barnet/ungdomen der ein har oversikt over:
- alle iverksette hjelpetiltak
- alle involverte personar
- alle avtalar som er inngått
- kva offentlege tenester som er involvert i hjelpetiltaka og kva oppgåver dei har
Det opprettast stafettlogg når forelsdre/føresette og/eller barnet har samtykka til det. Det er foreldre/føresette og/eller barnet som eig stafettloggen og bestemmer kven som skal ha tilgang.
Korleis vert ein stafettlogg oppretta?
Barnehagen, skulen eller andre må opprette stafettloggen. Foreldre/føresette og andre aktuelle tenester/personar vert deretter invitert inn gjennom ei lenkje dei får tilsendt. Pålogging skjer via ID-porten. Ein kan logge inn i stafettloggen på PC, mobil og nettbrett. Stafettloggen og innhaldet i den utarbeidast i samarbeidmøter med foreldre/føresette/barnet og dei andre aktuelle deltakarane. Den fagpersonen som er “tettast på” familien er den som får rolla som stafetthaldar.
Kvifor er stafettlogg nyttig?
- at foreldre/føresette og barnet sjølv vert innvolvert i oppfølginga av barnet.
- at det så tidleg som mogelg jobbast med utfordringane/vanskane barnet har
- alle som er involvert i arbeidet med å hjelpe barnet får den samme informasjonen
- det skal bli klart kven som skal gjere kva – at alle planlagde tiltak vert gjennomførte.
- barnet, foreldre/føresette har oversikt over hjelpetenestene og kven som er involvert i arbeidet kring barnet
- at tiltak fortløpande vert evaluert slik at hjelpa vert mest mogeleg tilpassa den enkelte
- at det vert utpeikt ein stafetthaldar som skal vere familien sin kontaktperson og syte for at aktuelle samarbeidsmøter/evalueringsmøter vert gjennomført.
Kva er ein stafetthaldar?
Ein stafetthaldar er familien sin faste kontaktperson og er den som skal ha ansvaret for å kalle inn til samarbeidsmøter og for at alle involverte i samarbeidet nyttar stafettloggen aktivt. Stafetthaldaren nyttar stafettloggen til å kalle inn til møter og til å dokumentere det ein har blitt einige om i møtene. Foreldre og ungdom over 15 år har heile tida oversikt over kva ein har blitt einige om og kven som har ansvar for kva.
Under finne du ei konkretisering av prosessen som skjer ved oppretting av stafettlogg.
Nokre ganger kan det vere vanskeleg å forklare “alt dette” med ord slik at føresette greier å sjå det for seg. Etter innspel frå tilsette er det derfor laga eit konkret verktøy som kan nyttast for å støtte under denne prosessen. Eit verktøy som viser “oppskrifta” og ei konkretisering av prosessen som skjer ved oppretting av stafettlogg.
#Oppskrif# og informasjon til føresette på oppretting av stafettlogg