Tett på barn og unge i Lærdal

Stafettloggmøter Lærdal kommune

Velkommen og presentasjon

Hugs og vis til samtykket som er henta inn. Gje informasjon om at det skrivast referat, bruk stafettloggen til dette. Det skal avklarast i framkant av møtet kven som skal vere referent og kven som skal leie møtet dersom ikkje stafetthaldar skal leie møtet sjølv.

Presentasjonsrunde

Alle presenterer seg med namn og rolle. Start med dei føresette.

Kva veit me om den novernade situasjonen?

  • Ta ein runde rundt bordet. Kva veit me?
  • La barnet/ungdommen og dei føresette starte
  • Finn ei felles forståing med barnet/dei føresette om kva ein skal jobbe med vidare.

 

  • Viss det er fyrste stafettloggmøte:
    • Definer hovudmål og delmål (bruk malane som ligg i Visma samspel).
    • Definer tiltak/aktivitetar for å nå målene
    • Gjer det tydeleg kven som skal gjere kva
  • Dersom stafettloggen allereie er oppretta 
    • Gjer opp status og opne opp for at barnet eller dei føresette har noko dei ynskjer å ta opp.
    • Gå til mål og aktivtetar/tiltak i stafettloggen. Gå igjennom alle mål og tiltak/aktivitetar og evaluer korleis det går. Bruk knappen “kommentar” til høgre i biletet for å evaluere for å evalure aktuelle mål og tiltak/aktivtetar. Gjer dette saman i møtet.

  • Definer nye mål, tiltak/aktivitetar dersom det er naudsynt.
  • Oppdater stafettloggen i sin heilheit i møtet.
  • Er det behov for å kople på andre instansar/tenester?
  • Bli einig meg barnet og dei føresette og inkluder aktuell teneste i stafettloggen.

 

Oppsummering og vegen vidare

  • Er det andre ting  som må avklarast?
  • Oppsummer korleis de er einige om å jobbe vidare.
  • Bestem kven som skal vere stafetthaldar vidare.
  • Finn dato for neste møtepunkt.
  • Send innkalling og referat (dersom det er naudsynt) igjennom stafettloggen, bruk mal.
  • Alle offentelege tenester har ansvar for dokumentasjon i sitt journalsystem der det er naudsynt. Stafettloggen skal berre nyttast for å konkretisrere samhandlinga.