Tett på barn og unge i Lærdal

Opprette hovudmål, delmål og aktivitet

Når du har oppretta stafettloggen, fått samtykke og lagt til alle plandeltakarane kan de byrje å utforme stafettloggen.

I undringsfasen (nivå 0 i handlingsrettleiaren) har du hatt samtalar med barnet/ungdommen og foreldre og føresette der du har satt ord på undringa du har. De har no komme fram til hva som er føremålstenleg å jobbe med framover.

  1. Start med å lage eit hovudmål. Hovudmålet skal vere målet “der framme” og er gjerne overordna.  Velg “mål og aktivitetar” i menyen til venstre:

 

2. Trykk deretter på “opprett nytt mål” øvst i høre hjørne:

3. Då får du opp dette bilete:

På overskrifta må du sjølv definere om det er eit hovudmål eller delmål ved å fysisk skrive det inn. Eks: “HOVUDMÅL: Ola skal ha ein meiningsfull skulekvardag”. Viss målet skal vere nådd innan eit gitt tidspunkt kan du leggje inn frist. Nederst i biletet over kan du velgje mal for mål. Dersom det er eit hovudmål du skal lage så vel du hovudmål. Då får du opp denne malen. Her fyller du inn i lag med barnet/ungdommen og føresette:

Når du trykkjer på “lagre” legg dette seg som eit hovudmål i stafettloggen.

Delmål: For å lage delmål går du fram på same måte, men må definere sjølv i overskrifta at det er eit delmål. Deretter må du velgje malen for delmål. Delmål er hovudmålet delt opp i mindre bitar slik at det skal vera enklare å forstå korleis ein skal jobbe saman for å nå hovudmålet. Under delmål opprettar du aktivitetar. Velg då malen for aktivitet. Legg alltid inn kven som skal følgje opp kva:

Aktivitet: Ein aktivitet er det same som eit tiltak, berre på lågare nivå. Ein aktivtet er korleis ein spesifikt skal jobbe for å nå delmålet. Det kan vere fleire som skal jobbe for å nå det same delmålet. Det kan til dømes vere: Noko foreldra skal følgje opp heime, ein tilretteleggjing på skulen (konkretisering av ein spesialavtale med læraren), tilrettelegging i hente og leveringssituasjonen i barnehagen eller tiltak frå helsesjukepleiar.

Til slutt skal stafettloggen sjå slik ut (for å få hovudmålet øvst kan det hende du må trykkje på “omorgansier” øvst i høgre hjørne og dra måla i den rekkefølgen du ynskjer. Det er mest logisk og ha hovudmålet fyrst då det er overordna:

Når du då klikker på eit delmål kjem du inn på aktiviteten. Då ser det slik ut: