Tett på barn og unge i Lærdal
Opprette stafettlogg
Gå til sida for innlogging til stafettlogg
Logg deg inn ved bruk av BankID.
Når du har logga deg inn så kjem du til dette biletet:
Trykk så på “opprett ny plan” øverst i høgre hjørne. Då kjem du videre til dette biletet:
På plantype veljer du “stafettlogg” og på planmal velgjer du “stafettlogg Lærdal kommune”. Der det står “planens kortnamn” kan du skrive initialane til barnet. Når du klikkar på neste så kjem du til dette biletet:
Her fyller du inn personalia og trykkjer på neste.
Er barnet over 15 år så skal barnet sjølv samtykke til stafettloggen. Det bør også vurderast ut i frå barnets alder og modenhet om vedkommande skal ha tilgang til stafettlogg også ved alder under 15 år. Det er viktig uansett kva alder barnet har at barnet får medverke i si eiga sak og bli inkludert i avgjersler om omhandlar seg sjølv.
Her trykkjer du på “Large” dersom alt ser ok ut.
Legg deretter inn den som skal samtykke til planen under “plandeltakere”. Er barnet over 15 år, så er det barnet sjølv som skal samtykke. Er barnet under 15 år er det foreldre/føresette som skal samtykke til at stafettloggen vert oppretta. Denne moglegheita får du på venstre side i planen.
Videre må du opprette digitalt samtykke til stafettloggen.
Her trykkjer du på “samtykke til planen” nederst i venstre hjørne. Då får du opp dette biletet:
På mal for samtykke velgjer du “samtykke til å opprette stafettlogg”. Fyll ut samtykke med barnets namn (dersom barnet er over 15 år og sjølv kan samtykke) eller for foreldre/føresette dersom barnet er under 15 år.
OBS. Dei som skal samtykke må vere lagt inn under “plandeltakere” for at ein skal kunne finne dei att i skjema for “samtykke til planen”.
Når du har fått godkjent samtykke kan du legge til dei andre som skal vere med i stafettloggen under “plandeltakere”.