Tett på barn og unge i Lærdal
Informasjon om ressursteam
Ressursteam i skulen er eit fast tverretatleg møtepunkt som samlast kvar 14. dag. Målet med ressursteamet er å gje hjelp og samle ressursane lokalt på skulen slik at elevar som strevar kan få rask og tverrfagleg hjelp.
Medlemmane i ressurseteamet for skulane er:
- Marianne Bjørketun – assisterande rektor
- Bente Olsen – PPT
- Randi Midtgård – psykisk helseteneste for barn og unge
- Tine Cruickshank – skulehelsetenesta (byrjar hausten 2025)
- Margrethe Bøe – sosiallærar
- Henriette Klingenberg – sosiallærar
- Monika Hagheim – spes.ped.koordinator
Det er kontaktlærar som, etter samtykke frå foreldre/føresette, møter i ressursteamet for å få rettleiing i korleis dei kan hjelpe eleven/familien vidare. Dersom det er aktuelt med hjelp i frå nokre av støttetenestene kring skulen så vert dei kopla på i møtet og det vert avklart kven som skal gjere kva vidare.
For å ta kontakt med ressurstemaet eller melde inn behov om drøfting, ta kontakt med: monhag@oppvekst-laerdal.no
Datoar for ressursteamet hausten 2025:
- 21. august
- 4. september
- 18. september
- 2. oktober
- 16. oktober
- 30. oktober
- 13. november
- 27. november
- 10. desember
Rutine for bruk av ressursteam
- Ta opp aktuell undring/bekymring/problemstilling med barnet/foreldre/føresette
- Få samtykke til å drøfte saka med ressursteamet
- Av tilsette på skulen så er det kontaktlærar eller evt. sosiallærar (viss dei følgjer barnet tettast) som skal ha dialogen med foreldre/føresette, melde inn saka til ressursteamet og møte i ressursteamet.
- Av tilsette frå andre tenester så er det den som følgjer barnet som tek opp saka i ressursteamet. Det er viktig at det er den som “eig” undringa/bekymringa og som har prata med foreldre/føresette som møter i ressursteamet. Det er for å gjere oppfølginga meir saumlaus og for at vedkommande skal få fulgt barnet/familien godt opp i etterkant.
- Dersom ein kjem fram til at det er andre tenester/instansar som skal koplast på, gjer ein dette i ressursteamet og fordeler arbeidsoppgåver.
- Dersom det ikkje er oppretta stafettlogg må dette gjerast. Det er viktig for å systematiskere oppfølginga og for å få mogelgheit til å evaluere aktivtetar/tiltak som er sett i verk. Sjå rutinar for bruk av stafettlogg under “verktøy” eller klikk her