Tett på barn og unge i Lærdal
Informasjon om ressursteam
Kva er ressursteam?
Ressursteam er eit lågterskel, tverrfagleg rettleiingstilbod for barnehagar og skular.
Her kan ein ta opp både små og store undringar eller bekymringar kring eit barn eller ein ungdom. Målet er å finne gode løysingar tidleg og koordinere hjelpa rundt barnet og familien.
Faste deltakarar
- Skule-/barnehageleiing
- PPT
- Helsestasjon/skulehelsetenesta
- Psykisk helseteneste for barn og unge
Ved Lærdalsøyri skule deltek også andre, til dømes:
- sosiallærar
- spesialpedagogisk koordinator
- andre aktuelle fagpersonar
Kontaktlærar eller pedagogisk leiar møter i teamet og legg fram saka etter samtykke frå foreldre/føresette.
Ved behov kan andre tenester koplast på.
✔ Før ressursteamet
Den som tek opp saka skal:
- beskrive eiga undring eller bekymring
- beskrive foreldre/føresette si undring eller bekymring
- innhente samtykke frå foreldre/føresette
✔ Etter ressursteamet
Den som eig saka skal:
- informere foreldre/føresette om det som vart drøfta
- følgje opp dei tiltaka som vart avtala saman med barnet og familien
- koordinere vidare oppfølging ved behov
- opprette stafettlogg der det er naudsynt
Dersom ressursteamet ikkje kjem vidare for å hjelpe barnet/familien kan ressursteamet kople på Rettleiings- og konsultasjonsteamet
Rutine for bruk av ressursteam
- Ta opp aktuell undring/bekymring/problemstilling med barnet/foreldre/føresette
- Få samtykke til å drøfte saka med ressursteamet
- Av tilsette i barnehage og på skulen så er det kontaktlærar eller evt. sosiallærar (viss dei følgjer barnet tettast) som skal ha dialogen med foreldre/føresette, melde inn saka til ressursteamet og møte i ressursteamet.
- Av tilsette frå andre tenester så er det den som følgjer barnet som tek opp saka i ressursteamet. Det er viktig at det er den som “eig” undringa/bekymringa og som har prata med foreldre/føresette som møter i ressursteamet. Det er for å gjere oppfølginga meir saumlaus og for at vedkommande skal få fulgt barnet/familien godt opp i etterkant.
- Dersom ein kjem fram til at det er andre tenester/instansar som skal koplast på, gjer ein dette i ressursteamet og fordeler arbeidsoppgåver.
- Dersom det ikkje er oppretta stafettlogg bør dette gjerast. Det er viktig for å systematiskere oppfølginga og for å få mogelgheit til å evaluere aktivtetar/tiltak som er sett i verk. Sjå rutinar for bruk av stafettlogg under “verktøy” eller klikk her
- Når ein ikkje kjem vidare i ei sak og tiltak frå ressursteam er prøvd ut bør ressursteamet kople på Rettleiings- og konsultasjonsteamet