Tett på barn og unge i Lærdal
Informasjon om stafettlogg
Når skal ein opprette stafettlogg?
Her finn du innlogging til stafettlogg
- Når ein tilsett og foreldre har fått ei bekymring/uro
- Ein har diskutert uroa/bekymringa
- Når ein bestemmer seg for å setje inn tiltak rundt barnet
Ein stafettlogg opprettast allereie på nivå 1 i handlingsrettleiaren
Korleis vert ein stafettlogg oppretta?
Barnehagen, skulen eller andre må opprette stafettloggen. Foreldre/føresette og andre aktuelle tenester/personar vert deretter invitert inn gjennom ei lenkje dei får tilsendt. Pålogging skjer via ID-porten. Ein kan logge inn i stafettloggen på PC, mobil og nettbrett. Stafettloggen og innhaldet i den utarbeidast i samarbeidmøter med foreldre/føresette/barnet og dei andre aktuelle deltakarane. Den fagpersonen som er “tettast på” familien er den som får rolla som stafetthaldar. Ein kan klikke her for å finne ei praktisk oppskrift på korleis ein oppretter stafettlogg og digitalt samtykke
Kva betyr det å setje inn tiltak?
- Når ein eller fleire tenester gjev ekstra støtte og hjelp for å hjelpe barnet i ei kortare eller lengre periode.
- I stafettloggen skal ein gjere det tydeleg kven som skal gjere kva (tiltak) i dei ulike tenestene som er knytt til oppfølginga av barnet. Det er også viktig å gjere tydeleg korleis dei i heimen skal følgje opp.
- Er det behov for å kople på andre samarbeidspartnere må dei inkluderast i stafettloggen.
Kva er og kven skal vere stafetthaldar?
Ein stafetthaldar er familien sin faste kontaktperson og er den som skal ha ansvaret for å kalle inn til samarbeidsmøter og for at alle involverte i samarbeidet nyttar stafettloggen aktivt. Stafetthaldaren nyttar stafettloggen til å kalle inn til møter og til å dokumentere det ein har blitt einige om i møtene. Foreldre og ungdom over 15 år har heile tida oversikt over kva ein har blitt einige om og kven som har ansvar for kva.
- Ein stafetthaldar er den som tek initiativ til å opprette stafettloggen og som samordnar oppfølginga kring barnet.
- Vedkommande har stafettpinnen heilt til ein har avklart kven andre som evt. skal ha den.
- Det er naturleg at det er nokon som er nær barnet som har stafettpinnen.
- Når oppfølginga endrar seg kan det vera behov for at andre overtek stafettpinnen. Det må gjerast i samråd med barnet/familien og dei øvrige tenesteytarane.
Kvifor er stafettlogg nyttig?
- foreldre/føresette og barnet sjølv vert innvolvert i oppfølginga av barnet.
- at det så tidleg som mogelg jobbast med utfordringane/vanskane barnet har
- alle som er involvert i arbeidet med å hjelpe barnet får den samme informasjonen
- det skal bli klart kven som skal gjere kva – at alle planlagde tiltak vert gjennomførte.
- barnet, foreldre/føresette har oversikt hjelpetenestene og kven som er involvert i arbeidet kring barnet
- at tiltak fortløpande vert evaluert slik at hjelpa vert mest mogeleg tilpassa den enkelte
- at det utpekast ein stafetthaldar som skal vere familien sin kontaktperson og syte for at aktuelle samarbeidsmøter/evalueringsmøter vert gjennomført.
Når skal stafettloggen avsluttast?
- Stafettloggen kan avsluttast når tiltaka har ønskt effekt og/eller når barnet syner god trivsel og utvikling.